Illustrasjon 1: Prinsippskisse – syner klave med klyper (klave inne i bygg).
Illustrasjon 2: Klave ut mot gavl, her ser ein at klypene manglar, det er lagt inn to skråstivarar.
Illustrasjon 3: Sterkt overdrive blir gavlklaven sjåande slik ut
Eg er litt usikker på kvifor det manglar klyper i gavlen på denne låvekonstruksjonen. Dei er på plass på kvar side av kjørebrua i andre enden av bygget. Krefter som normalt vil gå i klypa, overførast til kledningen i gavlen. Så lenge kledningen er stiv nok, held klaven seg oppe. No som kledningen ikkje lenger taklar tyngda frå taklasta, slår det seg på ein bul på veggen.
Eit system for å identifisere skader i konstruksjonar vil difor bygge på dei visuelle skadane:
– Deformasjonar på tak vil kunne oppstå ved setningar, anten desse er skapt av råte i vegg-, dekke-, eller takkonstruksjon, sig i grunnen, nedbøying eller brudd i tak, vegg eller dekke som følgje av overbelastning. Reaksjonsmønsteret er avhengig av konstruksjonstypa.
Eg tenkjer eit system basert på følgande framgangsmåte:
1. Vurdering av møne og takflater. – Sjekk taket for lekkasje.
Raft og møne er som oftast bygd heilt rette og også takflatene er i eitt plan. Ved å sikte etter møne og raft ser ein lett setningar. Bruk snor eller laser for enklare å sjå avviket.
a. Setningar i raft, vanlege årsakar:
– Setningar i grunnen forårsaka av tele eller sig i grunn
– Råte i svill
– Deformasjon i etasjeskille i yttervegg
– Nedbøying sperre/sperrebind
b. Setningar i møne, men ikkje i raft, vanlege årsakar:
– Skadar i takkonstruksjon (råte, brudd, nedbøying)
2. Vurdering av veggar.
Veggane er som regel bygd rette og i lodd.
a. Buling av vegg oppe ved raft, vanelege årsakar:
– Skade på samhald
-Skade på skråstivar/klyper
– Stor vridning på toppsvill
b. Buling av vegg nede ved syll, vanlege årsakar:
– Skade på samhald/manglar samhald
– Skade på svill råte eller deformasjon
– Bøying av veggkonstruksjon
c. Buling på midten, etasjeskille, vanlege årsakar:
– Skade på samhald/manglar samhald
– Skade på svill råte eller deformasjon
d. Helling på heile veggen, vanlege årsakar:
– Skråstivar fangar ikkje lenger opp rådande kraft – (råte i svill/stolpe sig i grunn)
– Tele kan dytte veggen ut av posisjon, sjølv om andre høgda står på om lag same plass
3. Vurdering av dekke
Dekket er normalt bygd i vater (avhengig av føremål)
a. Høgdeavvik, vanlege årsakar:
– Råteskade i konstruksjon eller underliggjande konstruksjon
– underliggande konstruksjon sig i grunnen
4. Vurdering av grunn
Å vurdere grunn kan vera vanskeleg. Ofte kan det vera slik at ein kan seie mykje om grunnen, ut i frå korleis bygningen ser ut.
a. Høgdeavvik
– Laus grunn, dårlege massar, forårsakar sig.
– Telefarlig grunn, forårsakar sig og/eller utpressing
Desse faktorane kan vera direkte eller meir eller mindre indirekte og må undersøkjast nøye.
Skissehjelp
Som eit hjelpemiddel for å få god oversikt over alle setningar, sig og deformasjonar er å teikne opp ei prinsippskisse av bygget, for så å teikne inn skadene.