BNL MD
#

Rettleiar for jugendstilarkitektur

I 2003 vart Jugendstilsenteret oppretta i hjartet av Jugendbyen Ålesund. Senteret tener som eit nasjonalt kompetansesenter for jugendstil. Som del av 20-års markeringa i 2023 har vi lansert ein rettleiar for jugendstilarkitektur.

I dag er senteret ein del av Stiftinga Viti sitt kunstmuseum Jugendstilsenteret og KUBE. Vi arbeidar framleis for å spreie og utvikle kunnskap om jugendstil gjennom utstillingar,
arrangement, forsking og rettleiing.

 

Stian Wiik, Viti Steinvågvegen 51 Og Ivar Aasens Gate 48, Ålesund

Rettleiing er ein viktig del av vårt arbeid, og vi får stadig spørsmål frå private om
jugendstilhus dei eig eller arbeidar med. Vi legg merke til at mange spør om dei same tinga, og så er det fleire spørsmål mange ikkje er klar over at dei burde stille. I rettleiaren forsøker vi derfor å både svare på dei spørsmåla vi ofte får, og dei vi meiner ein burde stille. Formålet med rettleiaren er å gje informasjon og råd om jugendstilarkitektur. Kva er jugendstil, og korleis kan ein kjenne den igjen? Kva slags utfordringar kan ein møte på i slike bygningar, og korleis burde ein gå fram for å ta vare på dei?

Jugendstilsenteret er eit nasjonalt kompetansesenter og rettleiaren er laga for å gje råd for all jugendstilarkitektur i Noreg. Målgruppa er huseigarar, handverkarar, arkitektar og andre som arbeidar med eller er interessert i jugendstilbygningar i heile Noreg.

 

”Periodens mest karakteristiske villa”, skrev arkitekten Odd Brochmann i ”Bygget i Norge”, om Enkefru Devolds villa, Einervikgata 7. Villaen er en av 19 bygninger i Ålesund signert Hagbarth Schytte-Berg fra 1904 - 1907. Foto: Jugendstilsenteret
”Periodens mest karakteristiske villa”, skrev arkitekten Odd Brochmann i ”Bygget i Norge”, om Enkefru Devolds villa, Einervikgata 7. Villaen er en av 19 bygninger i Ålesund signert Hagbarth Schytte-Berg fra 1904 - 1907. Foto: Jugendstilsenteret

Jugendstilsenteret og KUBE er eit museum for kunst, arkitektur og design frå slutten av 1800-talet og fram til vår eiga samtid. Kunstmuseet utviklar og forvaltar ei samling med særleg fokus på norsk- og nordisk jugendstil. Jugendstilsenteret ligg i Apotekergården, eit jugendstilbygg som sto ferdig i 1907 og som på den tida husa både apotekutsal og bustad. 

;
;