BNL MD
Lafting. Foto: Else "Sprossa" Rønnevig
Lafting. Foto: Else "Sprossa" Rønnevig

Raulandsakademiet

Raulandsakademiet ligg i fjellbygda Rauland i Vest-Telemark. I 1974 vart Rauland folkehøgskule og Akademi starta. Skulen var ein frilynt folkehøgskule og initiativtakarane var Noregs Ungdomslag, Noregs mållag og Norsk folkehøgskolelag. Linjene på folkehøgskulen var forming, økologi og friluftsliv, drama, filosofi og idehistorie. Folkehøgskulen vart lagt ned i 1987 og Raulandsakademiet Norsk senter for folkekultur blei stifta.

 

Kunst og handverk har alltid stått i fokus på staden. Under folkehøgskuletida var det sommarkurs, som varde tre veker, der kursdeltakarane lærde veving, rosemåling, treskjering, felebygging, lafting og liknande handverksfag. Denne tradisjonen vert ført vidare. I dag blir det arrangert ca 60 kunst- og handverkskurs kvart år. Dei fleste kursa går på sommarstid, ein del kurs går som helgekurs på hausten. Kursene på Raulandsakademiet blir arranget i samarbeid med Rauland Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. 

Nettside
Adresse
Akademiet 2 N-3864 Rauland
Telefon
35 07 32 92
;
;