Vindusrestaurering, grindebygg og klinkbygde båtar arbeider vi mykje med, og vi tilbyr kurs innafor desse og andre aktuelle tema. Vi arbeider også med å samle handverkarar i Sogn og Fjordane til eit forum for tradisjonshandverk – eit nettverk for å auke kompetansen i handverksfaga.

Jensbua Kystkultursenter
Jensbua Kystkultursenter ligg i Fjaler i Sogn og Fjordane. Her tilbys råd og hjelp til ditt gamle hus eller båt. Senteret lagar også planar og kostnadsoverslag og utfører arbeid på hus og båtar.