Bygningsvernsenteret spring ut av museets eigen handverksavdeling for vedlikehald av dei mange freda og verneverdige bygningane til museet.
Bygningsvernsenteret har brei kompetanse på trebygningar. Bygningsvernsenteret har ein stor og moderne verkstadhall, eigen sag og eit stort lager for materiale og historiske bygningsdelar. Bygningsvernsenteret er ein arena for kurs innan tradisjonelle handverk.
Bygningsvernsenteret på Vest-Telemark Museum har ein bygningsvernrådgjevar som tar oppdrag i heile Telemark.
Bygningsvern Telemark er ei rådgjevingsteneste som tilbyr:
- tilbyr private eigarar av verneverdige hus ein gratis fyrstegongs synfaring med råd om tiltak.
- tilbyr private eigarar av verneverdige hus informasjon om tilskotsordningar.
- arrangerer kurs, samlingar og seminar for både huseigarar og handverkarar innan det tradisjonelle handverket.
- arbeidar for å styrke det tradisjonelle handverksmiljøet gjennom å arrangere samlingar med fagleg innhald og å bidra til nettverksbygging.
ynskjer å bidra til formidling av kunnskap om eldre byggjeskikkar og bygningskultur i Telemark