Kurs

Kurs i taktekking med valdresskifer

03. - 05. juli 2026
Lærdal
Valdresskifer har lange tradisjonar som taktekke på Lærdalsøyri. I sommar inviterer vi til eit praktisk kurs der vi tekjer om att taket på uthuset i Telthusvegen – eit gamalt uthus i verneområdet for gamle Lærdalsøyri. Du han ha nytte av eit slik kurs om du skal leggja, vøla eller remontera valdersskifer, eller om du berre er interessert i å læra gamalt handverk.
Du får lære handverket steg for steg og ulike måtar å tekke på, saman med bygningsvernrådgjevar og ein av landets fremste taktekkjarar av valdresskifer, Odd Arne Rudi. Kurset passar både for huseigarar, handverkarar og alle som ønskjer å lære meir om tradisjonell tekking og bygningsvern i praksis.
Fredag 3. juli kl: 10.00 til 17.00 Lunsj kl 13
Laurdag 4. juli kl: 09.00 til 17.00 Lunsj kl 13
Sundag 5. juli kl: 09.00 til 15.00 Lunsj kl 13
Arrangør er Øystein Hauge, i samarbeid med taktekkjar Odd Arne Rudi. Pris for kurset er 500 kroner per person, og dette inkluderer lunsj alle tre dagane. Påmelding skjer innan 1. juni ved å sende e‑post til 1234hauge@gmail.com eller ringje 411 64 982. Det er førstemann til mølla. Om det er ønskjeleg legg vi inn ei omvising ein kveld med litt historie om gamle Lærdalsøyri.
Dersom du har spørsmål om kurset, er du velkomen til å ta kontakt med Øystein Hauge.
Det finst mange gode overnattingsmoglegheiter i Lærdal. Dersom du ønskjer å bu nært kursstaden, leiger syster mi Gunn Hauge ut rom i den gamle amtmannsbustaden rett over gata. Ho kan kontaktast på 909 58 758 for prisar og tilgjenge.
I tillegg tilbyr Lærdal fleire etablerte overnattingsstader, mellom anna Lærdal Ferie- og Fritidspark, Lindstrøm Hotel og Sanden Pensjonat. På Øyri finn du òg eit godt utval av trivelege serveringsstader som byr på både tradisjonsmat og meir moderne rettar – perfekt for ein god middag etter kursdagane.
Påmelding
1234hauge@gmail.com
Påmeldingsfrist
01.06.2026
Telefon
411 64 982
Pris
500,- inkl. lunsj
Arrangør
Øystein Hauge og Odd Arne Rudi
Kursholder
Odd Arne Rudi
Mer informasjon
1234hauge@gmail.com
Adresse
Telthusvegen 2, 6887 Lærdal

Du må godta cookies for funksjonalitet, markedsføring og statistikk for å vise dette kartet. Klikk her for oppdatere ditt samtykke