Tømmer i skogen blir materialar til huset
I løpet av kurset ser me på variasjonar i ein skog i Begnadalen, og me kan venta oss å finna seinvokse virke av god kvalitet.
Kva kan me lesa av treet når det står på rot, kva type materialar kan me få av desse ranke flotte gran- og furu-stammane. Og kva kan den krokete furua nyttast til? Når på året skal hogst skje, og kor gamalt bør treet vera? Kva er materialkvalitet? Det blir diverse aktivitar i skogen; felling med øks og svans, teljing og saging, bål og vandring i skogen.