Seminar
Brannsikring er viktig! Omgang med varme og brennbart i nærheten av uerstattelige bygninger krever forhåndsregler. Foto: Christel Wigen Grøndahl, Bygg og Bevar.

Seminar om brannsikkerheit, Dombås

Startdato
04.02.2026
Sluttdato
05.02.2026
Sted
Dombås Hotell, Domaasgrendi 1, 2660 Dombås
Beskrivelse

Dovre kyrkjelege råd opplevde 20. februar 2020 det alle fryktar: Dombås kyrkje vart påtent og fekk store skadar. Etter fire lange år kunne bygda 21. april 2024 ta i bruk «Nye» Dombås kyrkje igjen.

Kan vi unngå at fleire må oppleve dette? La oss lære av det som skjedde, så vi slepp fleire skadar og tap av våre verdifulle kyrkjer.

Riksantikvaren, Hovudorganisasjonen KA og Dovre kyrkjelege råd inviterer til seminar om brannsikkerheit i vid forstand. Dette seminaret passar for kyrkjeeigarar, brannrådgivarar, brannvesen og andre som arbeider for å ta vare på og sikre kulturarven vår.

Vi har sett saman eit spanande program der vi får høyre og lære om prosessen og samspelet mellom byggeeigar, styresmakter og rådgivarar i oppbygginga og sikringstiltak. I tillegg til Dombås sine erfaringar, vil andre fellesråd og rådgivarar fortelje korleis dei har kome fram til rett sikringsnivå og metode i si kyrkje. Kva er suksessfaktorane og kva er hindringane? Andre tema som vil bli belyst under seminaret er brannsikkerheit ved bygningsarbeid og kva som er viktig å tenkje på etter at vi har sikra kyrkja.

Prisar på hotellet:

  • Helpensjon kr 1 895,- per person inkluderer: overnatting frå 4.2–5.2 med frukost, dagpakke med lunsj 4.2 og 5.2 og middagsbuffet 4.2.
  • Dagpakke kr 495,- per person per dag inkluderer: kaffi, te, lunsj og pausemat. Vel dette dersom du ikkje skal vere med på middag og overnatting.
  • Middag kr 295,- per person: vel dette dersom du ikkje skal overnatte, men ønskjer å vere med på middagen.
Påmeldingsfrist
25.01.2026
Telefon
40473720
Mer informasjon