Kursinnhald
På kurset skal me lære å lafte. Det blir mest praktisk arbeid, men også noko teori. Det blir lafting på fleire mindre hus. Det vert også runder på museet sitt anlegg, der me skal få vera med og leita etter verktøyspor, og sjå på ymse laftemåtar, frå 1300-talet og fram mot vår tid. Det er ikkje nødvendig med kunnskap om lafting frå før. Det blir servert dugurd.
Mat, materialar og verktøy er inkludert i prisen. Om du har verktøy du ynskjer å ta med så gjer gjerne det!