Kurs

Hammarslag for framtida 2026, Stord

02. - 05. august 2026
Søre Tveita på Stord

Vil du lære om tradisjonelle handverksteknikkar, og vere med å redde og restaurere eit kulturhistorisk bygg?
Bli med på Hammarslag for framtida i sommar!

Her får du prøve deg på ulike teknikkar, og lære korleis bygningsvern heng saman med naturvern.

På gardstunet, Søre Tveita, er det hus som treng at noko blir gjort.

Vi skal få kurs i tørrmuring, og skal gjennom kurset mure opp ei ny trapp til inngangspartiet på hovudhuset.

Vi skal også restaurere fleire av vindauga på huset.

I tillegg skal vi dra på tur, bade, lære nye spikkegrep og -teknikkar, og ha det kjekt i lag.

 

Hammarslag for framtida passar for alle som er mellom 13 og 25 år som vil lære meir om ulike handverksteknikkar.

Det er plass til 25 deltakarar på arrangementet, med første mann til mølla-prinsippet (påmeldingsskjemaet er ope til plassane er fylt opp.)

Pris
200,-
Arrangør
Natur og Ungdom

Du må godta cookies for funksjonalitet, markedsføring og statistikk for å vise dette kartet. Klikk her for oppdatere ditt samtykke