Neverløyping, undervisningsfilm om løyping av bjørkenever
Bjørkenever har vore av dei vanlegaste materiala til taktekking, serleg som undertak til torv.
Det originale torvtaket hadde vanlegvis never under torva. Når vi skal restaurere gamle torvtak så blir det som regel mest riktig å bruke never. God never til taktekking er det ikkje så lett å få tak i for tida. Denne filmen kan då vere til støtte for å finne fram til ein god og tradisjonell arbeidsmåte som gir god kvalitet på nevra. Hugs på at det ikkje er fritt fram for å løype never kor som helst. Grunneigar av skogen må gi løyve for at du skal få ta never. Filmen er produsert av Målselv Tradisjonshandverk og Musikk DA i 2003.
Publisert: 17. november 2013
Publisert av: Roald Renmælmo