
Dette skjer på TREseminaret 2025
TREseminaret på Hjerleid i Gudbrandsdalen går av stabelen siste veka i april kvart år. Årets program tilbyr kurs for alle innan tre og tradisjonshandverk. TREseminaret garanterer eit solid fagleg utbytte, og er ei anledning til å møte andre med same interesse
På menyen finn vi kurs i korgmaking, langeleikmaking, lafting, skog- og materiallære og restaurering av vindauge. Det blir tur til utvalde kyrkjer i Nord-Gudbrandsdalen, konsert i Dovre kyrkje og mykje meir. TREseminaret har og tilpassa opplæringstilbod for born og unge.
TREseminaret feirar 20 år i 2025. I år slår vi til med bygging av eit 20-årshus, som får plass i Bygningshistorisk park på Hjerleid. På seminaret vil vi og byggje eit hus som ein heldig deltakar kan få med seg heim!
Seminaret held på i ei heil veke. Kursa blir gjennomført på dagtid. Ettermiddag og kveld tek du del på ei rekke foredrag og sosiale samver. Lunsj og middag er inkludert i kursavgifta. Lunsjen et du på Hjerleid, middagen blir servert på Toftemo Turiststasjon, eit par kilometer nord for Hjerleid.
Arrangør: Senter for bygdekultur, Hjerleid handverksskole, Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag, Studieforbundet kultur og tradisjon og Gudbrandsdalsmusea.
Nokre av kursa:
Barnas TREseminar
TREseminaret har som mål å gje born og unge oppleving med handverksglede.
Borna er inviterte med på Barnas TREseminar (laurdag 26. og sundag 27.april), der Norges husflidslag stiller med 2 husflidskonsulentar og lærer borna å bruke kniv og andre reiskapar og spikke, smi, måle og bli kjent med trematerial og skogen.
TREseminaret har og tilbod til 5.klasse og 9.klasse og vidaregående skole gjennom uka.
Og laurdag 26.april har seminaret ein handverksdag i Bygningshistorisk park på Dovre, der alle aldre er inviterte, der husflidslaga i området har program som er gratis for alle born.
Fakta om seminaret:
Kvar og når: Hjerleid på Dovre / 22.–27. april 2025
Påmelding: Du melder deg på her, billigere før 1. mars
Påmeldingsfrist: 22. mars