Statlege millionar til etterutdanning
Fagskulane kan no søke midlar til utvikling av nye, tilpassa og gratis etterutdanningstilbod for næringa. Blant tema ein kan søka om er restaurering av kyrkjebygg
- Målet med etterutdanningane av fagarbeidarar og funksjonærar er å auke produktiviteten og omstillingsevna, både for bedriftene og den tilsette. Staten bidrar med finansiering av sjølve utdanningstilbodet, og vi ordninga som gjer at vi kan bruke solide kompetansemiljø hos utdanningsinstitusjonar også til etterutdanning seier direktør for kompetanse i i BNL Kjetil Tvedt.
Denne gangen er det valgt ut tre tema som særleg er relevante for byggenæringa:
- Leiing på byggeplass for fagarbeidarar
- Berekraft for byggenæringa
- Restaurering av kyrkjebygg
Restaurering av kyrkjebygg
Som ein følge av skillet mellom kyrkje og stat er det oppretta eit fond på 10 milliardar som skal gå til restaurering av gamle kyrkjebygg. Midlane skal fordelast ut over 20 år, og vil såleis gi eit løft for restaureringa av kyrkjene.
BNL koplar her kompetansebehovet frå Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirker" frå Riksantikvaren og gir bedriftene anledning til å skaffe seg nødvendig kompetanse for å delta i restaureringsarbeidet. Målgruppa er handverkarar med svennebrev, arkitektar og rådgivarar innanfor bygg. Utdanninga skal gjere desse i stand til å utføre tiltak på bygg slik at det ikkje blir tekniske og kulturhistoriske skadar.
Tilbodet skal vere på fagskulenivå og omfanget skal vere éin modul på 10 studiepoeng. Opplæringa skal bestå av både fysiske samlingar og digital undervisning. Her har BNL fått god hjelp av organisasjonen Bygg og Bevar til å definere kva innhaldet kan vere:
Relevante tema er:
- Gjennomføring av tilstandsvurderingar i tråd med NS3424, samanhang mellom skadebilete og årsak, samt vurdering av tiltak
- Kunnskap om eldre mur, tre og teglkonstruksjonar
- Kunnskap om tradisjonelle materiale som kalk, naturstein og materiale av tre
- Kjennskap til grunnleggande antikvariske prinsipp slik dei er utforma av Riksantikvaren
- Kunne vurdere materiale for reparasjon og ombruk/gjenbruk
- Kjennskap til relevant regelverk på området; Kulturminneloven, Plan og bygningsloven, Kyrkjedirektivet
- Kjennskap til grunnleggande stilepokar
- Kjennskap til organiseringa av kyrkjesektoren
- Kjennskap til søknadsprosessar innanfor feltet (Riksantikvaren, Fylket, biskopen mv.)
- Kjennskap til databasar for historiske søk
Søknadsfristen er 5. februar 2024. Har du fleire spørsmål ta gjerne kontakt med kompetansedirektør Kjetil Tvedt i BNL.