Kurs

Snikkarglede for damer

Startdato
27.02.2026
Sluttdato
01.03.2026
Varighet
09:00-16:00
Sted
Slidrehuset på Valdres Folkemuseum
Beskrivelse

Kursinnhald

Me veit at både damer og herrer er glade i å snikre, men kanskje er damene meir tilbakehaldne når det kjem til det å ha trua på eigne ferdigheiter? Dette er i hvert fall eit inntrykk me ved Valdresmusea har, etter å ha hatt kurs i tradisjonelle handverkarfag i meir enn eit tiår, og der me ser at langt dei fleste som er med ikkje er damer. Me ynskjer å nå ut til alle, og om det er slik at nokon ikkje blir med på kursa våre fordi dei ikkje har nok tru på at det dei kan er bra nok for å melda seg på, vil me gjerne vera med å bidra i motsett retning. Derfor vil me også i år arrangera kurs i grunnleggande snikkarteknikkar som rettar seg mot damer. Om kunnskapen blir høgare på det grunnleggande, har me tru på at terskelen blir lågare når det kjem til tradisjonshandverk.

Det skal brukast både moderne og meir tradisjonelle verktøy undervegs i kurset. Det blir mogleg å laga eigne ting som de får med heim, ut frå eit avgrensa utval. For at dette skal bli mest mogleg retta mot den enkelte av dykk blir det sendt ut informasjon om kva det skal arbeidast med, slik at de kan forberede dette.

Det blir servert dugurd (lønsj) på Fjordkafeen.

Påmeldingsfrist
15.02.2026
Telefon
976 89 065
Pris
3300 (standard), 1600 for dei under 26 år
Arrangør
Valdresmusea