Seminar

TRE-seminaret, Lafting med materiallære

Startdato
22.04.2025
Sluttdato
27.04.2025
Sted
Laftehallen på Hjerleid
Beskrivelse

Variert erfaringsgrunnlag.

Vi tek sikte på å tilrettelegge opplegg og teori til dei ulike deltakarnivåa. Innspel og ønskje frå deltakarane om teknikkar vil bli teke omsyn til. Øvde deltakarar vil få prøve seg breitt. Målet er at alle skal ha godt utbytte av kurset.

Organisering:

Kurset har ein hovudinstruktør og bistand frå lærlingar etter behov.  

Kurset blir organisert i utgangspunktet med ei teoretisk innleiing (maks ein skuletime), og resten av dagen praksis med teoretiske innslag. Ramma rundt blir servering av måltid og foredrag på kveldstid.

Mål for kurset:

Kurset skal gje kunnskap om den generelle utviklinga av laftet frå middelalder og fram til i dag, utsjånad (laft, hals, hovud, tverrsnitt av tømmer), arbeidsteknikkar, verktøytypar og verktøybruk. Vidare må målet vera å lære seg gode arbeidsteknikkar, laftebyggets jamvekt og struktur, samt tekniske løysningar bygningsretta.

Fagleg innhald:

Kurset vil i hovudsak gje praktisk innføring i ein lafteteknikk (barkelaft på kanta tømmer), men det vil og vera mogleg å prøve andre teknikkar som kverknov, kamlaft, sinklaft, rannknut, skorolaft, rævskorolaft og Finndalslaft.

Teknikkane kan utøvast på til dømes kanta (saga) tømmer, rundtømmer, ovalt tømmer.

Det er og moglegheit for å lafte åsar, ry/telje tømmer med øks, felle inn ulike typar beiteskier og raftsperrer.

 

Teoretisk og/eller praktisk gjennomgang av:

  • oppstart av hus (fyrste omfar)

  • tømmer (treslag, kvalitet, behandling, osv)

  • takkonstruksjonar på lafta hus

  • lafteverktøy

  • kvessing av verktøy

  • beiteskier/vindauge- og døropningar i tømmerhus

  • taktekking

  • innsetting og montering av vindauge og dører

  • overflatebehandling av tømmerhus

 

Generelt:

Ta gjerne med deg «favorittøksa» di, samt relevant lafteverktøy som meddrag, passar, tommestokk og blyant, vater, fargesnor, huggjern, klubbe, navar, smaløks, andre økser, handsag, bandkniv, skjøve, høvel (okshøvel, langhøvel, rubank), osv. Ta med verneutstyr (hørselvern, briller, vernesko og vernebukse for dei som vil prøve motorsag)

Telefon
+47 959 98 409
Pris
8100 kr ved påmelding innan 1. mars. Ved påmelding etter 1. mars gjeld 8600 kr.
Kursholder
Rolf Morten Hosarøygard frå Dovre Handverksenter.
Mer informasjon
Adresse
Jøndalsvegen 3B, 2662 Dovre