Kursinnhald:
Bli med på heile prosessen frå treet står på rot i skogen, til det er klart for bruk. Tømmeret blir kip-køyrt fram med hest. Deltakarane er med på befaring i skogen for å velje ut tre med riktig kvalitet i høve til spesifikke prosjekt, blinkar/plukkar trea ut og feller. Val av køyreteknikk må gjerast ut frå terreng og føre. Deltakarane vil få generell kunnskap om skogen, noko kløyving av tre og spon, dimensjonshugging av tømmer – kanskje har ein eller fleire av deltakarane behov for tømmer til eit spesifikt prosjekt? Om kvelden blir det foredrag om mellom anna vassgang og eigenvekt på tømmeret.
Deltakarane får kunnskap om verktøy, hesten, planlegge køyring, sikkerheit og løfteteknikkar.
Utstyr: Vernesko, skogsøks, arbeidsklede, hanskar, sikkerheitsutstyr (hjelm), høyrselsvern, tømmersaks (dersom du har). Kle deg godt!