Kurs

Kurs i tørrmuring Skakadalen i Vang Valdresmusea

Startdato
07.08.2025
Sluttdato
09.08.2025
Varighet
09:00 til 16:00
Sted
Skakadalen i Vang
Beskrivelse

Eigarane av dette steinfjøset ynskjer å ta det i bruk att i næringa si, som er geitehald. Det er ei glede å kunne få hjelpa dei med å setja det i stand, og vera med å ta vare på denne viktige tradisjonen, særleg for dei, men også for historia rundt stølslivet før og no. Støling er akkurat skrive inn på Unesco si verdsarvliste, så dette er viktig! På årets murarkurs kan du difor vere med å redde eit viktig kulturminne i Skakadalen i Vang.

Innhald:Dokumentasjon av skadane, demontering av det nødvendige og oppattmuring.

Pris:

Kr 3200 (standard) materiell er inkludert
Kr 3000 for medlemmer av Verne-Vøla
Kr 3000 for dei med årskort til Valdresmusea
Kr 1600 for dei under 26 år​ (PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra)

Påmeldingsfrist
15.07.2025
Telefon
976 89 065
Pris
3200 (standard) materiell er inkludert , se mer informasjon over
Arrangør
Valdresmusea
Kursholder
Knut Andreassen og Hans Magne Lunde
Adresse
Skakadalen i Vang