BNL MD

Flaggstong og skattejakt

Del 2 - Barndomsminne frå Erkegarden

Baksiden av huset. Her ble paneleringen aldri ferdig. Foto: Kjell Arne Årseth

Far hadde eit lidenskapleg forhold til flaggstenger, og truleg var broren Jakob skoren av same stokk. Eit tun med respekt for seg sjølv måtte ha ei ruvande flaggstong, så Erkegarden hadde ei mektig flaggstong. På tidlege bilete kan ein sjå at flaggstonga er på plass alt før huset er halvferdig.

Ei flaggstong og ein firlemakar

Så var det ein sundag me hadde vitjarfolk, og det måtte vere viktige gjestar, for alle sat i bestestova med kaffi og drøs. Eg kunne vel vere om lag 3-4 år, og sidan det etter kvart vart noko keisamt å sitje still i stova, slo eg eit slag ut på tunet. Eg har etterpå undrast over at ingen såg etter meg denne stunda, for mor sleppte knapt auga av meg i heile mi barnetid.

Eg hugsar at eg sette meg på marka ved flaggstonga og vart var at jarnbolten  gjennom rota av stonga kunne riglast på. Kunne han også dragast ut, tru? Som tenkt så gjort; etter noko strev fekk eg av mutteren og drog ut bolten.

Så hugsar eg ikkje meir, før heile kaffiselskapet kom styrtande ut på tunet med hauk og rop. I bakken ned mot gamleløda, over rada med stikkelsbærbusker, låg den storslegne flaggstonga i 3 molar.

Det vart sjølvsagt ei fæl ågøying, men sidan alle prisa seg lukkelege over at eg hadde kome uskadd frå denne obydå, kan eg ikkje hugse eit einaste vondord. Men flaggstonga var liggjande der ho datt i årevis etterpå, og inga ny flaggstong kom opp i Erkegarden, sjølv om far mang ein gong omtalte einskilde stokkar som gilde flaggstongemne når han felte mastefurer i plantefeltet vårt på Røfsneset.

Erketunet i 20-åra.jpg

Erketunet seint i 20-åra. Det ser ut til at arbeidet på nyestova er i gang, og flaggstonga som fekk slik ublid lagnad er alt på plass. I framgrunnen Gofar – Ole J. Mork. Foto: Erik Øye.

Om nissen og ein skatt på myrkeloftet

Det var ikkje lagt himling i midtromet i andre høgda, og frå denne romslege, men ringt opplyste loftsgangen, kunne ein delvis sjå inn på myrkelofta under gavlane. Der budde julenissen heile året.

Liten som eg var, så var det ikkje stort eg kunne sjå inne på loftet, og av otte for at nissen skulle ha noko på meg, våga eg knapt å glytte opp når eg kryssa golvet på veg til soveromet. I halvmyrkret kunne eg berre timje rada med saudehaud som hang til turk under mønet, men eg var overtydd om at nissen budde der oppe med heile huslyden sin, lik dei  ein kunne sjå på julekort på femtitalet.

Eg veit ikkje kvifor eg ottast slik for nissefar. Kanskje vart han brukt som ei skremsle i oppsedinga mi, noko eg har fortrengt til liks med den farlege Nykken, men eg fantaserte mykje om korleis nissefolket levde livet sitt der oppe heile året i eit triveleg innreidd husvære utanfor synsranda mi. Berre julaftan gjorde nissen ei snarvende ned i stova.

Opp til myrkeloftet førte ein laus stige, og eg var nokså gammal før eg på eiga hand utforska lofta til fulle. Først vårt eige og seinare i djupaste løyndom Gofar sitt. Nissehusværet fann eg ikkje, men derimot kasser med gamle brev og dokument. Det var ein kosteleg skatt for meg som hadde starta med frimerkesamling og fått frimerkealbum til jul.

Der var jamvel frimerke frå før eg var fødd, heilt frå før krigen og endå gamlare dagar. Ufatteleg. Eg vona alltid at eg skulle kome over det første norske frimerket, fireskillingsmerket frå 1855, som eg hadde lese skulle vere verd ein formue.

Saman med Rex i Erketunet.jpg

Ivar Mork i Erketunet saman med hunden Rex i 1952. Det var vel det året flaggstonga gjekk over ende. Foto: Bjarne «Baddis» Mork.

Erkegarden

På slutten av 1920-tallet sto Erkegarden ferdig - nesten. Det unike bygget bar trekk fra jugend, sveitserstil og litt til. I dette huset vokste Ivar Mork opp. I sin historie forteller han om huset, familiene som bodde der og strømmen av mennesker som kom på besøk.

Brødrene som bygde huset hadde talløse visjoner og mange prosjekter. Desverre for mange til å fullføre alt. Nå har byggmester Inge Kolås sått seg i fore å berge huset som aldri ble ferdig 

;
;