Ressurs

Ryfylkemuseet - bygningsvernsenter

Ryfylke bygningsvernsenter er den utovervende delen av arbeidet Ryfylkemuseet gjer knytt til bygningsvern og tradisjonshandverk. Me hjelper gjerne privatpersonar som ønsker å ta vare på gamle hus og bygningsdelar, og som ønsker å lære om den handlingsborne kunnskapen.

Nettside
Les mer
Facebook
Gå til Facebook
Adresse
Nordenden 14, 4230 SAND

Ryfylkemuseet har gjennom mange år opparbeidd ei brei erfaring innanfor dette temaet. Handverkarane ved Ryfylkemuseet har kompetanse til å gi gode råd i samband med restaurering og kan levere handverkstenester på høgt nivå.

Ryfylkemuseet tilbyr tenester til heile Vestlandet, men me er først og fremst eit regionmuseum for Ryfylke. Me tilbyr derfor rabatterte tenester for innbyggarar og eigedomar i dette området. Prisane under gjeld for kalenderåret 2022 og er lista opp først for Ryfylke, etterfølgde av prisane for andre.

Frå hausten 2021 kan me tilby ein gratis første synfaring med rådgiving på staden for privatpersonar som er eigarar av bygningar i Suldal kommune. Sjå meir informasjon om dette prøveprosjektet lengre nede på sida.

Du må godta cookies for funksjonalitet, markedsføring og statistikk for å vise dette kartet. Klikk her for oppdatere ditt samtykke