#

Telegrafen skal reise seg frå oska

"Telegrafen" del 1

Eitt av dei eldste trehusa i Drøbak vart øydelagt av brann 8. november 2015. Andre etasje og det heilvalma taket i åskonstruksjonen vart totalskadd. Første etasje slapp stort sett unna brannen - med store vass-skader. Restaureringa av "Telegrafen" etter brannen er nå i full gang hos firmaet Stokk & Stein i Lom

Den eldste delen av bygningen var frå tidleg 1700-tal, medan hovuddelen, slik den stod fram i nyare tid, fekk si form rundt 1789. Eit tilbygg i tømmer var frå tidleg 1800-tal. Eit hjørne og den eine enden av bygget var oppført som bindingsverk. Bygningen har hatt fleire funksjonar gjennom tida, og har romma både postkontor, vinmonopol og restaurantar. Frå 1900 til 1970 var det telegrafstasjon i bygget, og "Telegrafen" har vore det vanlege namnet på staden. Ein tiårsperiode fram til 1982 var Frogn kommune eigar, og Olav Dalen Zahl frå Oslo kjøpte Storgata 10 i 2002, saman med ein kollega.

 - Jeg har en forkjærlighet for gamle bygg og synes det er svært viktig å ta vare på disse gjennom aktiv bruk, samtidig som at de blir vedlikeholdt på en måte som gjør at gammel historie ikke forsvinner. Hvis et gammelt, verneverdig hus forfaller, er det etter min mening ikke huset det er noe galt med, men eieren! Olav Dalen Zahl nærmast spikrar dette fast der han står midt i brannruinen.

Telegrafen etter brann

Utsikt frå andre etasje i bygget som brann. Privat foto

Telegrafen branntomta

Branntomta sett frå bakgarden, Storg. 8 til høgre. Privat foto

Planen er at Storgata 10 skal stå fram i ny prakt våren 2018. Stokk & Stein har på oppdrag målt og demontert restane etter brannen, og har i vinter utført eit omfattande arbeid med vøling og restaurering av det som kunne bergast, og sette inn nytt for det som vart borte i brannen. Ulf Ryen er ansvarleg for arbeidet med bygningen, som er omlag 11 x 15 m. Frå to til fem mann har vore engasjert i prosjektet. Etter at første etasjen vart ferdigvølt i laftehallen på Lom, vart den demontert, og så kjem turen til andre etasjen, loftet og bygging av nytt heilvalma åstak - ein krevjande konstruksjon.

Telegrafen stokk og stein

David Sedlacek, Bjørn Ola Vaagaasarøygard, Ulf Ryen, Rolf Inge Steinsgård og Kåre Plassen i Stokk & Stein. Foto: Mathias Øvsteng

Olav Dalen Zahl

Olav Dalen Zahl. Privat foto

Olav Dalen Zahl eig også halvparten i bygget som hyser restaurant Villa Sandvigen i Svartskog, Oppegård kommune - skysstasjon langs den gamle riksvegen til Sverige med servering sia 1859. Der held dei nå på med å leggje om taket. Gamle eternittplater er fjerna, og taket blir tekt med tungeskifer, slik det ein gang var.

I fjor sommar kjøpte han, saman med museumseigar Johan Ziener Thronsen og Tore Karlsen, det gamle hotellet i Treungen i Telemark (også kalla Noregs nordlegaste sørlandsby) frå 1922 - eit bygg som haddes stått tomt i fleire år. Nå er primus motor der, Tore Karlsen, i gang med å restaurere bygningen. Tore Karlsen har med anna teikna bakeriet i Lom og mura opp bakaromnen der. No skal det i tillegg til servering og hotell i Treungen byggjast eit bakeri med steinomn som ein del av hotellet, i tillegg til eit ysteri. Bakarvarene skal bli like gode som i Lom, seier Dalen Zahl.

Huset hans på Nordstrand - "Villa Rosenborg" frå 1899 - har han kjøpt "over tid", som han seier. Det var opphavleg delt i tre seksjonar, og arkitekten var inspirert av Rosenborg slott i Danmark, derav namnet. Han har brukt store ressursar på å setje villaen i gammel og god stand. Tårnet som vart rive på 1970-talet, er sett opp att, ny rustskifer er lagd gammal maling er fjerna og ny silikatmaling er påførd. Fot dette arbeidet fekk han Nordstrand Vels Miljøpris 2005.

Dalen Zahl er sjef for selskapet B2 Holding ASA, eit selskap med verksemd i 14 land. han er opptatt av gamle hus og antikvariske verdiar generelt. Når han er ute på reise, bur han stort sett på historiske hotell. Han fortel at han unngår moderne hotell i glas, stål og betong. I tillegg til gamle bygningar er han interessert i ting som har med telehistorie, post og jernbane å gjera. Dessutan har han nokre gamle bilar, kan han avsløre. Vi får også greie på at han sanssynlegvis har den største private samling av telefonar brukt i Noreg. Ein del av denne samlinga er utstilt på Z - Museum i Treungen.

- Rundt 80 % må skiftast ut, sier Ulf Ryen. Alt av utbrende stokkar blir tatt vare på for mål. Også bindingsverk i stuttenden av huset blir bygd opp att, i tillegg til tømmerkroppane. At dette er utfordrande fagarbeid. - Det vanskelegste er nok fastsetting av høgder, sier Ulf Ryen. Eit gammalt hus vil gjerne sige litt her og der, og alle høgdereferanser vart borte i brannen. Vi hadde med andre ord lite og ingenting å gå ut frå, og har måtta bruke alt det vi måtte ha av erfaring og skjønn i dette.

Telegrafen lafteknuter

Nytt og gammelt. Foto: Mathias Øvsteng

Telegrafen brannskadet tommer

Brannskadd tømmer er brukt til måltaking under gjenreisinga. Foto: Mathias Øvsteng

Olav Dalen Zahl har stor tillit til at nettopp det velrenommerte Stokk & Stein er velkvalifisert til dette arbeidet. Han har ein klar leietråd for restaureringa: Alt som kan brukast, skal brukast. Oppattbygginga skal i størst mogleg grad gjerast i original stil. - Historia skal holdes sammen i stedstilpasset fasong, seier han.

Kva huset skal brukast til? - Restaurantdrift, seier Olav Dalen Zahl. - da kan jo mange få glede av bygget! Han avslører elles at framtida må drøftast. Blant anna kan det bli spørsmål om eventuelt kopiering og opptrykk av gammal tapet frå 1700-talet, og oppattbygging av leirpussa vegger. Den gamle leirblandinga er tatt vare på til eventuell gjenbruk.

Telegrafen hogging

Øksehogg gir feste for leirpuss. Foto: Mathias Øvsteng

Første gang publisert i Kulturarven Nr. 79 - mars 2017