Tekking med villheller

Varighet
September (3 dagar, dato kjem)
Sted
Viga, Hjelmeland
Beskrivelse

Gjennom dette kurset skal eit nytt tak bli tekt med grove skiferheller som er lite bearbeida etter uttak frå brotet. Dette kallar me villheller. Det finst ulike måtar å tekke tak med slike heller, men i dette kurset har me fokus på tekkinga slik den tradisjonelt har blitt gjort i vår region. Innfesting både med trenagler og skruer blir demonstrert på kurset.

 

Kurshaldarar er handverkarar på Ryfylkemuseet, som har mykje erfaring med tekking og vedlikehald av slike tak gjennom å ha arbeida på museet sine bygningar. Mellom anna er dei fleste bygga i museumstunet Viga tekt med slike heller, og våre handverkarar har nyleg tekt om taket på Årdal gamle kyrkje som har tilsvarande tak.

 

Målgruppe: Handverkarar eller privatpersonar som skal vøle eigne tak.

Pris
2500,- inkludert lunsj. Betaling ved oppmøte eller faktura.
Arrangør
Ryfylkemuseet
Kursholder
Kurshaldarar er handverkarar på Ryfylkemuseet