Festival

Steinfest - festival for tørrmuring

Startdato
29.08.2025
Sluttdato
31.08.2025
Sted
Frekhaug
Beskrivelse

Steingarden

Steinen har prega bygg og anlegg her på vestlandskysten til «alle tider». Bruken av stein har vore omfattande og variert. Eitt av dei mest markante trekka i kulturlandskapet vårt er steingarden. Steingarden har laga skilje mellom innmark og utmark, han har vore nytta til markering av eigedomsgrenser og han har ringa inn frukthagar og beite. Å byggja ein steingard var ein gong allmennkunne på gardane. For tida er det mange som spør etter hjelp til å halda kurs i istandsetjing av steingardar. Vi treng mange gode folk som kan halda slike kurs, og som kan formidla kunnskap om steingardane. Vi vonar og trur at det kan finnast framtidige kurshaldarar blant festivaldeltakarane. Årets hovudtema er altså steingarden.

 

Felles oppgåve

I løpet av desse tre dagane skal vi saman arbeida med å setje i stand ein gamal steingard som  har markert skiljet mellom innmark og utmark på garden Sunde på Litlebergen. Muren er prega av manglande vedlikehald over ei årrekkje. Her trengs både reparasjon og oppbygging frå grunn. Espen Marthinsen, Berit Bruvik og Steven Rowe vil leia dette arbeidet.

 

Arbeid om dagen – program om kveldane

I tillegg til det praktiske har vi tenkt å heva det teoretiske kunnskapsnivået vårt. Vi inviterer såleis til program om kveldane der tørrmuring og tilgrensande tema, og sjølvsagt steingarden, vil bli sett i fokus. Vi ynskjer å skapa ei hyggeleg sosial ramme om desse kveldane med kultur, litt for tunge og gane – og ein god drøs. Fast møtepunkt etter arbeidstid blir sjøbua vår, Lageret, på Litlebergen. Vi legg ikkje skjul på at tiltaket vårt er inspirert av «steinfestivalane» dei arrangerer borte på dei britiske øyar og i Irland. Der har også eit godt glas øl og ein god song sin sjølvsagde plass.

 

Program

Torsdag 28.08

Oppmøte, registrering, samling på Lageret med orientering, film og sosialt samvære.

Fredag 29.08

Kl. 09.00 – 12.30 Praktisk jobbing på steingarden.

Kl. 1230 – 1330 Lunsj på Lageret.

Kl. 1330 – 1630 (1700) Praktisk jobbing på steingarden.

Kl. 1830 og utover Kveldssamling på Lageret med middag, program og sosialt samvær.

 

Laurdag 30.08.

Kl. 09.00 – 12.30 Praktisk jobbing på steingarden.

Kl. 1230 – 1330 Lunsj på Lageret.

Kl. 1330 – 1630 (1700) Praktisk jobbing på steingarden.

Kl. 1900 og utover Kveldssamling på Lageret med middag, program og sosialt samvær.

 

Søndag 31.08.

Kl. 09.00 – 12.30 Praktisk jobbing på steingarden.

Kl. 1300 Lunsj, oppsummering og avreise for deltakarane.

Telefon
901 204 26
Arrangør
Kristine Fluge, Steven Rowe, Berit Bruvik
Kursholder
Espen Marthinsen, Atle Ove Martinussen, Jorunn Monrad, Steven Rowe, Kjersti Aase Winjum, Arild Sætre m.fl.
Mer informasjon
Lenke
Adresse
Litlebergen 29 5919 Frekhaug, Norge