Kurs
Gode materialer. Foto: C. W. Grøndahl, Bygg og Bevar

Kurs i «Sortering av konstruksjonsvirke» på Voss

Startdato
22.01.2025
Sluttdato
23.01.2025
Varighet
Kl.10:00
Sted
Voss Vandrarheim
Beskrivelse

Onsdag 22. januar:

Frammøte: Kl. 10.00 på Voss Vandrarheim, Peter Bondesveg 40, 5704 Voss.

• Kvifor sortere trelast • Kva ein sorterer må kunne • Treanatomi/vekst • Tørking • Krymping/svelling • Vyrkesfeil • Sorteringsreglar • Stempling

Lunsj, kaffe og pausemat vert servert denne dagen.

Torsdag 15. februar:

Frammøte: kl. 09.00 på Voss Sag og Tradisjonsbygg v/Kjartan Bergsvåg, Nedre Fennavegen 15, 5709 Voss. Denne dagen skal vi sortere plank, diskutere kvalitet og vyrkesfeil. Vi går gjennom alle dei tekniske delane frå teorien dagen før, i praksis. Alle deltakarane må ta med seg metermål. Vi skal vere mykje ute. Varme kle og sko trengs. Vi får servert lunsj på saga. Kaffi vert også servert frå bålpanna

Prisar: Kurspris kr. 3.500 for medlemmar og 4.500 for ikkje-medlemmar. Kursmateriell (kr 900,-) (NSInsta 142:Standard for visuell sortering) og lunsj begge dagar er inkludert i prisen. Deltakarane blir fakturert for kurset etter gjennomføring. Deltakarane må sjølve betale for eventuell overnatting og middag.

Treng du overnatting? Vi anbefaler Park Hotel Vossevangen, Uttrågata 3, 5700 Voss. Det er ca. 3 min. køyretid til Voss Vandrarheim (teoridel, dag 1) og ca 15 min. køyring til Voss Sag og Tradisjonsbygg (praksisdel, dag 2). Pris per natt i enkeltrom inkl. fukost er kr 1350,-. Kontakt oss per e-post admin@sag.no eller ring mobil 918 86 113 om vi skal bestille overnatting

Påmelding
Påmeldingsfrist
15.01.2025
Telefon
918 86 113
Pris
Kurspris kr. 3.500 for medlemmar og 4.500 for ikkje-medlemmar.
Arrangør
Norsk Bygdesagforening
Kursholder
Trond Kalstad
Mer informasjon
Adresse
Peter Bondesveg 40, 5704 Voss.