Har du hatt ein draum om å læra og smi? Me ønskjer å bygga opp eit smedmiljø i Suldal for alle med interesse for faget, gamal og ung, jenter og gutar.
Det blir gitt noko instruksjon. Elles handlar det om å læra ved å gjera av kvarandre. Ta med personleg verneutstyr og det du måtte ha av verktøy og utstyr.
Ta og med niste. Me kokar kaffi.