Dette kurset er ein kombinasjon av teori og praksis, med hovudvekt på det siste. Målet for kurset er å lære om materialkvalitet og korleis ein tar ut rett virke til rett bruk. Me drar på skogen for å læra å lese trea, og det blir felling med øks og svans. Etterpå blir det samling på saga for å lære om ulike sagmønstre, materialkvalitet og utnytting av stokken. Kurset startar med teori tysdag kveld (ca. kl. 18:00), med samling på skogen og saga ca. kl. 08:00-16:00 onsdag og torsdag.
Kurshaldarar er Jon Bojer Godal og Steinar Moldal. Begge er anerkjente namn innan bygningsvern med mange års erfaring og fleire fagbøker bak seg. Godal er kjent som formidlar av tradisjonsboren handverkskunnskap, og har særleg arbeida med bruk av tre i hus og båtar. Godal vart i 2015 utnemnt av Kongen til kommandør av St. Olavs Orden for hans innsats innan tradisjonshandverk. Moldal er tømrar, og har jobba med eldre byggjeskikk sida slutten av 1980-åra. Han er tilsett på Hjerleid Handverksskole og har gjennomført svært mange kurs innan tradisjonshandverk, i tillegg til å vera forfattar og medforfattar av ein rekke bøker innan faget.
Målgruppe: Alle med interesse for bygningsvern og tradisjonshandverk.