Kurs

Hammarslag for framtida

Startdato
28.07.2025
Sluttdato
04.08.2025
Sted
Eidsvoll bygdetun
Beskrivelse

I løpet av veka får du prøve deg på ulike handverksteknikkar, som maling og koking av maling, snikring, høvling og handtering av verktøy.

I tillegg skal vi på skogsutflukt, få besøk av unge og gamle handverkarar og miljøvernarar som kan lære oss litt av kvart!

På starten av arrangementet blir deltakarane delt i arbeidslag på 4-5 personar.

Desse gruppene skal arbeide saman i løpet av arrangementet.

Kvar dag er delt i to arbeidsøkter, ei på formiddagen, og ei på ettermiddagen. Kvar økt blir rettleia av ein handverksinstruktør. Gruppene rullerer, så alle før prøve seg på dei ulike tinga.

Ein av dagane skal alle saman på skogstur. På turen får vi lære om berekraftig skogbruk og materiale.

Men Hammarslag for framtida er sjølvsagt ikkje berre arbeid!

Etter arbeidsøktene er det fritid, der vi enten har sosialt opplegg, eller berre fri fritid. Har du forslag til hyggelege ting vi kan gjere saman? Skriv det gjerne i påmeldingsskjemaet!

Alle mellom 15 og 25 kan melde seg på Hammarslag for framtida.

Vi stiller ingen krav til forkunnskapar, ikkje om handverk og ikkje om politikk. Vi lærer og har det gøy saman!

 

 

Vi lagar og et frukost, formiddagsmat, middag og kveldsmat saman alle dagar. Dette er sjølvsagt inkludert i deltakaravgifta! (100kr)

Arrangør
Natur og ungdom