BNL MD
Kurs
Tapet, Ledaal i Stavanger. Foto: CEWG

Tradisjonell overflatebehandling av interiør

Startdato
29.10.2022
Sluttdato
30.10.2022
Sted
Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
Beskrivelse

Kurset gjer innføring i laserande maleteknikkar med bruk av tørrpigment til overflatebehandling av interiør. Ein går praktisk til verks og vil lære skinnrulling, enkel «ådring» og marmorering. Ein vil også lære om grunning av treverk, reingjering og stell av verktøy. Ta gjerne med eigne, enkle mindre objekt som skrin, krakk, liten kommode o.l. Desse må vera ferdig grunna med minst to strøk som er pussa og slette i overflata. Oppskrift på dette vert sendt deltakarane på førehand.

TA MED:
• Malarfiller (t.d. reine og utvaska gamle bomullslaken)
• Palett (Paletten må vera kvit for å gi nøytral bakgrunn for fargen som skal blandast. Palettblokk er fint, men også lokk frå ein isboks, plastbelagt papptalerken fungerer ok)
• Palettkniv (Ein gamal bordkniv med litt mjukt stål i knivbladet er også ok)
• To små glas/plastboksar med lokk til olje og terpentin (t.d. tomme rekeboksar, rømmebeger er ok)
• Notatbok, skrivesaker og kamera (mobilkamera er ok)
• Arbeidsklede som tålar malingssøl

Påmeldingsfrist
14.10.2022
Telefon
479 74 363
Pris
4500,- Inkl. lunsj, kaffi og kaffimat begge dagar og middag laurdag
Arrangør
Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
Kursholder
Johild Mæland, biletkunstnar og dekormalar med lang erfaring
Mer informasjon
Adresse
Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund