BNL MD
Taket vaskes varmt vatn i rikelege mengder. Moderat trykk. Foto: Kolbein Dahle

Takvask på Hustad kyrkje, Inderøy

Mellomalderkyrkje fekk vaska vekk mose frå tegltaket

Freda kyrkje fekk vaska taket fritt for mose. Valet falt på dampvasking. Kolbein Dahle frå Fortidsminneforeninga i Nord-Trøndelag fortel om prosessen og erfaringane dei gjorde seg.

Problem med taket

 

Det har lenge vore problem med taket på Hustad kyrkje, som er ei freda mellomalderkyrkje, eigd av Fortidsminneforeininga. På sørsida av koret har det vore ein del dårleg og sund stein, dessutan har det nesten kvar vår falle ned steinar eller delar av steinar. På nordsida, både av koret og skipet har det vore mykje mose. På koret har det vore ein del sund stein, medan tilstanden over skipet har vore meir usikker fordi det var vanskeleg å vurdere tilstanden under det tjukke modelaget. I år fekk vi midlar til å vøle taket over koret, og til nødvendig vedlikehald av resten av taket.

Stor jobb. Hustad kyrkje sett frå nordaust. Foto Kolbein Dahle
Stor jobb. Hustad kyrkje sett frå nordaust. Foto Kolbein Dahle

Gode folk til jobben

 

Vi valde Innherred entreprenør A/S ved Jo Inge Rostad til prosjektet. Valet fall på dette firmaet fordi leiaren og fleire av dei tilsette har skaffa seg spesiell kompetanse innanfor bygningsvern.

I samråd med hovudentreprenøren valde vi å starte med ein vask av taket på nordsida av kyrkja, i første omgang av skipet, men under arbeidet såg vi at vi også ville vera tent med å vaske taket på heile nordsida.

Underentreprenør for dette arbeidet var Kvam agentur A/S, Levanger. Hovudentreprenøren gjorde dette valet med bakgrunn i tidlegare samarbeid.

Arbeidet er i gang 11.10. 2016 Foto: Kolbein Dahle
Arbeidet er i gang 11.10. 2016 Foto: Kolbein Dahle

Ein prat med Riksantikvaren

 

Fordi det her var tale om ein mellomalderbygning, måtte vi ha dispensasjon for alt arbeid frå Riksantikvaren.

Det gjekk greitt, men eg fann det greitt å forsikre om at vi skulle følgje nøye med på vaskinga. Om det var ein nødvendig presisjon veit eg ikkje, men eg fann det tryggast slik.

Halvgjort arbeid. Foto: Kolbein Dahle
Halvgjort arbeid. Foto: Kolbein Dahle

Val av løysing

 

Entreprenøren meinte at måten dei arbeidde på ikkje var verre for taket - og veggane - enn skikkeleg

regnver. Poenget var at dei ikkje brukte meir trykk på vatnet enn nødvendig, at dei brukte mykje vatn og varmt vatn. Entreprenøren bekrefta også den mistanken eg har hatt lenge, at tining og frysing i moselaget om vinteren kan skade steinen.

Tegltak er holdbart med riktig stell. Detalj av vaska tak som avslører skadd stein. Foto: Kolbein Dahle
Tegltak er holdbart med riktig stell. Detalj av vaska tak som avslører skadd stein. Foto: Kolbein Dahle

Oppsummering etterpå

 

Resultatet vart svært bra, nesten for bra. Noko av patinaen på steinen vart borte. Etterpå kunne vi registrere at det var ein del steinar som hadde avflassingsskadar og bruddskade, kanskje eksempel på frostkade under modelaget.

Vasken er ferdig. Taket er mosefritt. Steinen over koret er demontert. Foto: Kolbein Dahle
Vasken er ferdig. Taket er mosefritt. Steinen over koret er demontert. Foto: Kolbein Dahle

Og ein feil

 

Eg har berre registrert at vi gjorde ein feil under arbeidet. Vi tok ikkje omsyn til alt vatnet. Bakken under liften vart så vår at vi fekk hjulskadar på plena, til alt hell i god avstand frå graver. Her burde det vore lagt ut plater, solide nok til å tole vekta av liften.

Viktig med stillas i høyden. Foto: Kolbein Dahle
Viktig med stillas i høyden. Foto: Kolbein Dahle

Hustad kyrkje er Fortidsminneforeninga si eigedom. 

;
;