BNL MD

Kommunikasjonsrådgjevar

Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Utlyst av
Hardanger og Voss museum
Arbeidssted
Norheimsund
Søknadsfrist
30.11.2022
Kontaktpersoner
Cathrine Vikse Johnsen
Rådgiver
976 09 098
Ida Eide
Rådgiver - digital markedsføring & research
993 68 003
Beskrivelse

Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har vel 60 årsverk og omkring 60 millionar i omsetnad. Me søkjer etter ein kommunikasjonsrådgjevar som skal bidra til vidareutvikling av marknadsførings- og kommunikasjonsarbeidet i Hardanger og Voss museum. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar for økonomi og administrasjon. 

Som kommunikasjonsrådgjevar vil du fylgja opp, koordinera og vidareutvikla aktivitetar knytta til marknadsføring og kommunikasjon i tett samarbeid med engasjerte og dyktige kollegaer. Rolla byr på ein variert og spanande kvardag kor du vil vere ein rådgjevar og pådrivar i marknadsførings- og kommunikasjonsarbeidet på tvers av verksemda.

Me leitar etter ein engasjert og aktiv lagspelar med språkleg teft og god digital kompetanse. Du er løysingsorientert og lærevillig, og vert motivert av å skapa resultat i lag med andre. 

 

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Ha ei rådgjevande og koordinerande rolle for arbeidet med kommunikasjon og marknadsføring
  • Bidra til å utvikle strategiar, fylgje opp og iverksette tiltak i samsvar med fastlagte strategiar for kommunikasjon og marknadsføring
  • Bidra til auka synlegheit, aktivitet og eigeninntening gjennom kommunikasjons- og marknadsføringsaktivitetar
  • Vedlikehalda og vidareutvikla webside, sosiale media og andre informasjonskanalar.
  • Bidra til god intern og ekstern kommunikasjon inkludert pressemeldingar 
  • Byggja strategisk nettverk med relevante aktørar

 

ØNSKA KVALIFIKASJONAR:

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • Relevant erfaring frå kommunikasjon og/eller marknadsføring
  • God digital kompetanse
  • Gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Talent, nysgjerrigheit og evne til å lære er viktigast. Dersom du har spisskompetanse på noko av det me er på jakt etter, og har ambisjoner og eit ønskje om å utvikle deg vidare, oppmodar me deg til å vise interesse for stillinga.

 

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Engasjert og resultatorientert
  • Initativtaker med god gjennomføringsevne
  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
  • Nysgjerrig og utviklingsorientert
  • Sjølvstendig og strukturert

 

Me tilbyr spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerande

arbeidsfellesskap. Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell

og fjord er aldri langt unna. Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. 

 

Arbeidsstad vil vera Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund. Det må påreknast noko reiseverksemd og at ein er jamleg til stades på dei ulike avdelingane. 

 

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved, rådgjevar Cathrine Vikse Johnsen, tlf. 976 09 098 eller rådgjevar Ida Eide, tlf. 993 68 003.

Vis interesse for stillinga ved å registrera CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål skal

leggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i

innleiande fase dersom det er ønskjeleg.