Hardanger og Voss museum søkjer marknadsførar

Stillingstittel
Marknadsførar
Utlyst av
Hardanger og Voss museum
Arbeidssted
Norheimsund
Søknadsfrist
28.09.2021
Kontaktpersoner
Svanhild Berge Oldervoll
Økonomi- og administrasjonsleiar
91668711
Beskrivelse

Arbeidsoppgåver

  • Marknadsførar har ei rådgjevande og koordinerande rolle for arbeidet med marknadsføring i museet.
  • Marknadsførar skal fylgje opp fastlagte strategiar for marknadsføring og kommunikasjon.
  • Marknadsførar skal utføre operative oppgåver innan marknadsføring og sal.
  • Sal og administrasjon av tokt med S/J Mathilde

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan marknadsføring/reiseliv og/eller relevant arbeidserfaring
  • Erfaring med Adobe-program som InDesign og Photoshop, samt publiseringsverktøy for nettside som WordPress, er ein fordel
  • Gode språkkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, serviceinnstilling og kommunikasjonsevner
  • Sjølvgåande og systematisk 
  • Miljøbevisst og historiebevisst
  • Interesse for museet sine arbeidsfelt

Som tilsett ved Hardanger og Voss Museum er det forventa at marknadsførar aktivt og engasjert bidrar til å ta eit felles og heilskapleg ansvar for utviklinga av funksjonen og museet.

Arbeidsstad vert Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, noko reiseverksemd må påreknast.

Museet tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. 

Løn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum samansett av institusjonane Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museet, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso.

Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og institusjonane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eitt av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter.

Museet er regionmuseum for Hardangerkommunane og Voss kommune.

Lenke