Lærling/Svenn i Bøkkerfaget

Stillingstittel
Lærling/ Svenn
Utlyst av
Tre og Tønner DA
Arbeidssted
Holmefjord
Kontaktpersoner
Oddvar Gangstø
Dagleg leiar
919 93 040
Beskrivelse

Bli lærling i Bøkkarfaget.

Tønnegarden i Bjørnafjorden kommune er ei lita familiebedrift med fokus på tretønneproduksjon til ulike føremål. Bøkkarfaget ligg under Handverksregisteret sine små og verneverdige fag, og rekruttering til faget er svært viktig. Hos oss vil du få ei grundig opplæring over 2 år med løn. Hugs å leggje ved kompetansebevis/vitnemål og attestar med søknaden. Unntak frå kvalifikasjonskrav kan gjerast individuelt for lærekandidatar og søkjarar til FOB (full opplæring i bedrift)

 

Arbeidsoppgåver:

  • Konstruere, tilpasse og forme ulike tremateriale til produksjonen
  • Vurdere eigenskapar og kvalitet på materiale
  • Klargjere verktøy og maskiner
  • Klippe, stanse, valse og klinke metallband tilpassa ulike tønner
  • Produsere tretønner i ulike storleikar
  • Ta del i omvising i vårt Économusée®, historieformidling og marknadsføring

 

Kvalifikasjonar:

  • Gjennomført Vg1 innan: Design og handverk, Teknikk og industriell produksjon, eller Bygg og anleggsteknikk.
  • Gjennomført Vg2 innan: Design og trearbeid
  • Bestått i alle fag
  • Gyldig arbeids og opphaldsløyve
  • Søkjarar med ungdomsrett under 25 år vert prioritert, men alle søkjarar vert vurdert.

 

Personlege eigenskapar:

  • Interesse for å ta vare på faget
  • Du er nysgjerrig og ønsker å læra noko nytt
  • Du tek ansvar for eiga læring og er open for rettleiing
  • Du er nøyaktig og tolmodig
  • Du likar fysisk arbeid og er effektiv
  • Du er positiv og likar å samarbeide med andre

Me kan tilby:

  • Løn under utdanninga
  • Ein spanande og variert kvardag
  • Opplæring og oppfølging
  • Eit fag svært få har kunnskapar om

 

Om arbeidsgiveren

Tønner har vore produsert i generasjonar, og i dag er det 4. og 5. generasjon som står for produksjonen. Årleg vert det produsert 2-3000 tønner i lokala våre og etterspurnaden har auka siste åra. Me tenker utvikling samstundes som me ser det som svært viktig å bevara kunnskapen om handverket slik det vart gjort av våre forfedre. Bedrifta held til i relativt nye lokale (2012) og har i tillegg til produksjonsverkstad, eit Économusée® visningssenter med serveringslokale, møterom og storkjøkendrift.