#

Bok: Landbrukets katedral: Den røde låven

Ny bok: Norges låver!

Det mangfaldige norske låvelandet er no samla mellom to permar. Boka NORGES LÅVER kom ut i oktober 2014 på forlaget Skald.

Denne boka er ein honnør til låven og ei påminning om at bygningsarven til bonden handlar om meir enn vakre våningshus og staselege stabbur.

Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har tråla landet, dokumentert låvar og løer i alle variantar og samla historier om livet i og omkring desse husa. Låven er det viktigaste uthuset i kulturlandskapet, ein del av kulturarven forsvinn no når mange låvar blir rivne eller er på veg tilbake til naturen.

Loer Hedm Mjosa -026

Hoel, Ringsaker. Foto Oddleiv Apneseth

"Det spøkjer for låven. Bonden har for lengst skaffa seg andre driftsbygningar. det er over og ut med mange av landemerka i kulturlandskapet. Landbrukets katedralar står for fall.

Denne boka er ein honnør til låven, arbeidshesten blant husa på gardstunet. Stashusa på garden har mange vore opptekne av. Vakre våningshus og dekorerte stabbur er tekne vel vare på. Uthusa derimot, har ofte fått segla si eigen sjø."

Loer 135-001

Vestre Jakobselv, Vadsø. Foto: Oddleiv Apneseth

 "Vi har reist rundt for å dokumentera det store låvemangfaldet. NORGES LÅVER er ein rapport om korleis det i dag står til med den gamle låven på gardsbruk som er i drift, hos dei som har skaffa seg nye bein å stå på, dei som berre brukar tunet til bustad, og på nedlagde og fråflytta bruk."

 

Loer 311-001

Rennesøy. Foto: Oddleiv Apneseth

"Historia vår handlar først og fremst om den innhaldsrike låven som avløyste alle småhusa på tunet." 

Lofoten -005

Lofoten. Foto: Oddleiv Apneseth

"Før vi la ut på tur, etterlyste vi låvar og løer som er typiske for sitt distrikt, og vi spurde etter det spesielle."

Loer Hardanger Roldal 1-030

Rabbe, Røldal. Foto: Oddleiv Apneseth

 "Somme strekker seg langt for låven. Per Oluf Solbraa i Sør-Fron seier han og kona har prøvd å oppsummera kor mange sydenturar som er ofra til fordel for vedlikahaldet av uthusa dei ikkje lenger har bruk for. Framleis finst det bønder som snakkar om at dei har plikt til å levera vidare garden i betre stand enn han var då dei overtok."

Loer Oster Knarv -027

Osterøy. Foto: Oddleiv Apneseth

"Mange har hjelpt oss undervegs i bokarbeidet. Utan varsel har vi kome ramlande inn på tun landet rundt på ikkje alltid like passande tidspunkt. Men med svært få unntak har vi vore velkomne."

Loer Sogndal -002

Sogn. Foto: Oddleiv Apneseth

 "Hjartleg takk til alle som har vist oss låvar og løer, delt kunnskap og historier med oss."

Vesteraalen -013

Bleik, Andøy. Foto: Oddleiv Apneseth

Sitat er henta frå forordet: "Den store låvereisa", Eva Røyrane

NORGES LÅVER, Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth, foto. Skald Forlag 2014 ISBN 978-82-7959-204-4