I løpet av kurset ser me på variasjonar i skogar med forskjellig bonitet. Me ynskjer å finna virke av god kvalitet til forskjellege formål der tre skal brukast. Kva kan me lesa av treet når det står på rot, kva type materialar kan me få av desse ranke flotte granstammane. Og kva kan den krokete furua nyttast til? Vart bjørk og osp nytta i bygging av hus? Og kvar kan den nyttast? Når på året skal hogst skje, og kor gamalt bør treet vera?
Diverse aktivitar i skogen, felling med øks og svans, teljing og saging. Bål og vandring i skogen.