#

Veit du om nokon som brenn for kulturlandskapet?

Nominer kandidater til den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021

Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om utvelgelsen av det beste prosjektet kvart år. Veit du om eit bra prosjekt?

Kandidtatane blir vurderte etter følgjande kriterier:

  • Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  • Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
  • Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
  • Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  • Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
  • Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
  • Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
  • Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å: 

  • Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar
  • Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
  • Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet
  • Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel
Anopset Foto Ingrid Golten

Bilde fra Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap i Porsanger i Finnmark som fekk prisen i 2020. 

Prisen er tidlegare tildelt

2007Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho

2008Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland

2009Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland

2010Vegaøyans Venner

2011Maridalens Venner

2012Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker

2013Hauan Gard, Re kommune

2014Storfjordens Venner , Møre og Romsdal

2015Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark

2016Ikkje utdelt pris

2017Bøndene på Kvitsøy

2018Torhild Langklopp og Roar Svenning Troningen gård på Stokkøya i Åfjord kommune, Trøndelag

2019Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland

2020Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap, Porsanger i Finnmark